![]() |
VEDTEKTER
Vedtekne 31. oktober 2004 |
![]() |
Reviderte 29. mars 2005 |
§ 1 Foreningsnamnet er ”Støtteforeninga for M/Kr Lysglimt”
§ 2 Formål
Foreninga har som hovudformål å arbeide for bevaring av M/Kr Lysglimt som eit flytande kulturminne. Foreninga skal også stå for drift og vedlikehald av fartøyet og skal saman med dette vere samlingspunkt for personar som har interesse for, og som kjenner ansvar for å ta vare på kystkulturen. Foreninga skal også oppmuntre til eit godt sosialt samhald mellom medlemmane. Båten skal ha heimstamn på Valderøya.
§ 3 Medlemskap og røysterett
Både enkeltpersonar og organisasjonar kan vere medlemmar ved å betale ein årskontingent som vert fastsett av årsmøtet. Som medlem med røysterett vert rekna alle som har betalt kontingent for føregåande kalenderår. Kvart medlem har ei røyst i årsmøtet.
§ 4 Årsmøtet
Årsmøtet er det høgaste organet til foreninga, og skal haldast innan utgangen av mars månad kvart år. Årsmøtet skal kunngjerast med minst tre veker varsel. Forslag som skal handsamast i årsmøtet, må vere innkomne til styret seinast to veker før årsmøtet.
Sakspapira skal vere tilgjengelege ei veke før møtet. Saklista for årsmøtet skal innehalde:
1.Godkjenning av innkalling
2.Val av møteleiar og referent
3.Årsmelding
4.Revidert rekneskap for føregåande kalenderår
5.Fastsetting av kontingent
6.Budsjett
7.Innkomne forslag
8.Val av styreleiar, styremedlemmar, valkomite og revisor
Årsmøtet er vedtaksført når det er lovleg innkalla og med dei medlemmane med røysterett som er frammøtte. Årsmøtet kan endre vedtektene med 2/3 fleirtal, men berre dersom ”Forslag til vedtektsendringar” er kunngjort i årsmøteinnkallinga. Andre saker vert avgjorde med vanleg fleirtal. Dersom styret eller minst 1/3 av medlemmane finn det påkrevd, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte.
§ 5 Styret
Eit styre på fem medlemmar og eitt varamedlem skal velgjast av årsmøtet. Leiaren skal velgjast for eitt år. Resten av styremedlemmane skal velgjast for høvesvis eitt og to år slik at halve styret (inkludert vara) skal velgjast kvart år med det formål å oppnå kontinuitet i styret. Styret konstituerer seg ved sjølv å velgje nestleiar, sekretær og kasserar. Styret har ansvaret for den daglege drifta av foreninga og samlast så ofte som tilhøva krev. Andre medlemmar i foreninga kan delta på styremøter når styret finn det påkrevd. Styret er vedtaksført når minst tre av styremedlemmane er frammøtte.
§ 6 Oppløysing
Oppløysing av foreninga kan berre vedtakast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Eigendeler skal då tilfalle Valderøy Historielag, subsidiært Norsk Forening for Fartøyvern.